mandag 14. mai 2012

Dag 70 og 71

Dei siste dagane har vore utfordrande. Me har hatt mykje vind og hatt god bruk for dei erfaringane me til no har. Når me har vore i kajakken har me enten kjempa hardt i motvind eller hatt ei lita værluke. I går fekk me knapt padla ei mil, i dag halvanna.
Rørvik er så nært, men likevel så langt unna med desse bølgene mellom oss. Me satsar på å holde hodet kaldt sjølv om tampen brenn. Meldt greit vær i morgon kveld.

I mellom slaga løyser me soduko og krimgåter. Og når me ikkje er for trøtte et me dessert. Her er vår ranking førebels på eventuren:

Cecilie
1: Nystekte vafler
2: Sjokolademousse
3: Creme brüle
4: Tiramisu-mousse
5: Sitronfromasj
6: Fruktsuppe

Kjetil
1: Sjokolademousse
2: Tiramisu-mousse
3: Nystekte vafler
4: Creme brüle
5: Fruktsuppe
6: Sitronfromasj

I dag vil me senda ei helsing til Kjell Arne, Kay og Klara i Sandnessjøen! Kjekt å verte kjent med dykk :)

2 kommentarer:

  1. Godt å sjå at dei unge meistrar begge målføre, men vil gjere merksam på at det heiter hovudet og ikkje hodet... :)
    Og vi er svært glade for at det vert brukt, hovudet altså. Skjønar godt at det kan væra freistande å ta nokre sjansar, men vi lit på dykk!!! Ynskjer såleis ein framifrå 17.mai!!!
    Klem

    SvarSlett
  2. :) :) :)

    hilsen mormor

    SvarSlett